Vi steig av hav

Kinnarodden i Finnmark, det nordlegaste punktet på det europeiske fastlandet. Så ugjestmild og naken var det meste av kysten da dei første menneska kom padlande for meir enn 11 000 år sidan.

I Voluspå finst det ei høveleg skapingssoge for folket her nord: Dei første menneska kom hit som rekved. Ask og Embla, dei første menneska i Midgard, var berre to trestokkar som sjøen hadde kasta frå seg på stranda, inntil gudane pusta liv i dei.

Det er klangbotn i den soga. Sjøen førte menneska hit. Og sjøen har halde liv i dei gjennom det meste av historia. Forteljinga om at nordmennene kjem frå bondeætt er ikkje usann. Ho er berre svært mangelfull. For det er havet som har teikna opp dei mest særmerkte trekka til livsvilkåra i dette landet. Det levde folk i det vi no kallar Noreg i 7000 år før jordbruket vart utbreidd her nord, og i desse tusenåra fekk menneska det meste av næringa si frå sjøen.

 Kartet fortel noko om kvifor det vart slik. Den som meistrar livet ved kysten, kan hente ressursar frå to verder. Og da dei første menneska kom hit, var den norske landjorda like skrinn som sjøen var rik. Langs kontaktflata mellom land og hav myldrar det av liv, og ingen land har meir kyst per hovud enn Noreg.

Herjinga til isbreane har gjeve dette landet ein ekstrem topografi. Om vi reknar med strandlina kring alle øyar og holmar, er norskekysten 103.000 kilometer lang. Kunne ein strekt ut denne stripa som ei snor, ville ho nådd to og ein halv runde kring jordkloden. Berre Canada har ein lengre kyst enn Noreg.

Men kartet fortel ikkje alt, for dei statiske blå flatene på papiret syner ikkje den sanne naturen til havet. Sjøen er i evig rørsle, og havstraumane har skrive mange av spelereglane for livet her nord. Den norske atlanterhavsstraumen som veltar nordover mellom Shetland og Færøyane, gjer vintrane våre milde og held kysten isfri. Krafta er så stor at ho knapt er til å skjøne: Den årlege varmetransporten i denne straumen er femti gonger så stor som det årlege energiforbruket til menneska i verda.

Mindre kjend, men livsviktig for fisk og fiskarar, er kyststraumen. Den stammar frå den brakke Austersjøen og sig langsmed heile norskekysten som ei roleg elv, med ein fart på kring ein kilometer i timen. Kyststraumen fraktar skrei- og sildeyngel opp til det næringsrike Barentshavet for å vekse opp, og dette transportbandet er med på å skape den norske fiskerikdomen. Fordi skreien og silda trekkjer inn mot kysten i gytetida, blir dei tilgjengelege også for folk i små båtar.

«Når det lid med vinteren, søkjer dei nærmare land og samlar glede som etter ei sorg som er over», fortel Kongsspegelen poetisk om fiskane i havet. Denne vandringa har truleg vore til glede for menneska i nord sidan pionertida for meir enn 11 000 år sidan.

 Dei første menneska som padla nordover langs norskekysten, må ha vore så tilpassa det marine livet at dei nesten kan reknast som sjøpattedyr. Dei aller fleste funna frå pionertida er ikkje berre frå kysten, men frå øyar – også dei som ligg lengst ute. Det er funne buplassar frå eldre steinalder på øya Sanna i Træna, førti kilometer frå fastlandet.

Fiskekrok frå eldre steinalder. Krokane vart skorne ut av knoklar frå elg eller hjort.

Bortsett frå at dei var sjøvande og dristige, veit vi lite om desse menneska. Men spora deira syner at dei var nomadar som levde i telt, og kanskje tok dei seg fram i båtar av selskinn lik dei såkalla konebåtane til inuitane.

Pionerane kom til eit goldt, skrapa land der isen framleis fylte dalane og brearmane strekte seg langt ut i fjordane. Dermed var det meste av maten å finne ved havet. Dietten veit vi lite om, men truleg åt dei det meste som sjøen og strendene hadde å by på: sel, fisk, egg, krepsdyr og muslingar.

Med tida vart isen borte og innlandet opna seg. Landet vart skogkledd, hjort og villsvin vandra inn, folk trekte innover i fjordane og kosthaldet vart meir landbasert, men framleis var dei fleste buplassane tett på sjøen. Og omtrent på same tid som jordbruket og husdyrhaldet vart vanleg, byrja nordbuane å krysse havet. Sjøfarten over Skagerrak tok til for meir enn 4000 år sidan, og mange av dei store draumane og ambisjonane dei neste tusenåra ser ut til å ha vore maritime. Gjennom bronsealderen og jernalderen er skipet det dominerande motivet i dei nordiske helleristingane, frå Danmark til Finnmark.

 Den skrivne historia fortel oss enda klarare at sjømannskap var ei kjelde til ære og makt for folka i nord. Langskipa var det viktigaste våpenet til vikingane. Knarrane batt saman det spinkle imperiet vi kallar Noregsveldet over kolossale avstandar. Ferda frå Bergen til bygdene på vestsida av Grønland gjekk over tusen kilometer med ope hav. Og også kjerneområdet i det norske riket var bunde saman av sjøen: Namnet Noreg kjem frå Nordvegen, og den vegen gjekk ikkje over land.

­Samstundes knytte skipsfarten Noreg til verda i sør. Og på dei europeiske marknadene som vaks fram i mellomalderen, naut handelsmennene frå nord godt av tilgangen sin til ein særeigen natur. Viktigast var tørrfiskeksporten til England og kontinentet, men soga er meir mangfaldig enn som så. Frå Grønland kom det luksusvarer: levande isbjørnungar som vart kjæledyr for europeiske fyrstar, kvalrosstenner som vart knivskjefte og sjakkbrikker, og narkvaltenner selde som enhjørninghorn til ublu prisar.

Sjakkbrikkene kjende som The Lewis Chessmen vart oppdaga ved ei strand på øya Lewis i dei ytre Hebridane, Skottland. Dei 93 brikkene er skorne ut av kvalrosstenner, og vart truleg laga i Noreg ein gong på 1100-talet. Kvalrosstenner, “Nordens elfenbein”, var ei kostbar vare i Europa i mellomalderen.

Det går ei tusen år lang historisk line gjennom dei nordlege farvatna: Tekniske nyvinningar og nye marknader gjorde stadig nye ressursar i sjøen tilgjengelege eller attraktive. På 1500-talet fann nederlendarane ut at hummar var godt, og det som vart rekna som tarveleg mat i Noreg, vart ei lukrativ eksportvare. Granatharpunen til Svend Foyn gjorde det mogleg å fange blåkval og finnkval, og gav opphav til ein industri som nær utrydda dei største dyra i verda. Knapt nokon visste at det fanst reker i fjorddjupet før havforskarane oppdaga dei i 1890-åra. Skjergarden som var jaktmark for seljegerane for 11 000 år sidan, gjev no le for merdane til lakseoppdrettarane. Og også oljen som har gjort Noreg så umåteleg rikt i moderne tid, er ein marin ressurs: Han er omskapt plankton frå langt varmare hav enn dei vi kjenner i dag. Kanskje blir den neste store havressursen raudåta, den vesle hoppekrepsen som finst i umåtelege mengder i Norskehavet, eller mesopelagisk fisk, spøkelsesaktige små vesen som lever nede i skumringssona i ope hav.

Det trengst ikkje lenger så mange hender for å få opp fisken, og det er fleire frisørar enn fiskarar i Noreg no. Men mykje av busetnaden i landet står som minnesmerke over haustinga frå havet i tidlegare tider. Dei marine ressursane var ikkje berre livgrunnlag for fiskeværa, men òg for mange av dei norske byane. Bergen og Trondheim voks fram som ladestader for tørrfiskeksport. Tromsø og Hammerfest vart bygde på ishavsfangsten på 1800-talet. Klippfiskhandelen gav opphav til Kristiansund og Ålesund. Dei store sildeåra på 1800-talet fødde nye byar som Haugesund, Skudeneshavn og Florø, og fekk Stavanger til å svulme. Da silda forsvann, vart hermetisk brisling berginga for Stavanger, og hermetikkalderen varte nesten heilt til oljealderen byrja. Langs det relativt fiskefattige Skagerrak var det derimot ikkje fiske og fangst, men handel og sjøfart som gav grunnlag for byane som vaks fram i hollendartida.

Det finst ein enkel regel for norske byar: Dei bør liggje ved kysten. Dette viser att i språket. Dei underlege unnataka i innlandet har fått sin eigen preposisjon - Hamar, Røros. Og dei siste to hundre åra har nordmennene for alvor vendt attende til sjøen. Da moderniseringa frigjorde folk frå jorda, trekte dei vekk frå fjellbygdene og innlandet, ut mot kysten der vekstnæringane var.  

Denne folkevandringa er lite påakta og storleiken ikkje talfesta, men det finst nokre peikepinnar: I 1801 budde over 14 prosent av befolkninga i Noreg i Hedmark og Oppland. I 2018 var andelen til Hedmark og Oppland berre 7 prosent. I dag bur tre fjerdedelar av det norske folket mindre enn ti kilometer frå sjøen. Og siget mot saltvatnet held fram.

Det er ikkje lenger berre næringsvit som dreg oss mot sjøen. Havet har blitt eit nytingsmiddel. Kystlandskapa vart vakre i romantikken, på same vis som den norske fjellheimen vart det.
Dette ville neppe amtmann Gustav Peter Blom ha skjønt noko av. I boka Reise i Nordlandene frå 1827 skreiv han: «Helgeland er det for Naturskjønhed mest blottede District i Nordlandene, naar undtages Lofoten, hvor Tanken om Naturskjønhed ikke kan opstaae uden som Savn». For blikket til Blom låg venleiken i det kultiverte landskapet. Frukthagar og velstelte åkrar var vakre, medan den rå og urørte naturen var hesleg og trugande.

I industrialderen vart dette snudd på hovudet. Først da menneska hadde dyrka opp nesten alt som dyrkast kunne og fylt bylufta med sot, støv og støy, kom saknet etter den rå og reine naturen. Og råast og reinast av alt var havet.

Man marks the eart with ruin; his control stops with the shore, skreiv Lord Byron. Havet er vakkert fordi vi ikkje styrer eller skjøner det, det ber framleis i seg villskapen og vitaliteten til naturen. Villmarka byrjer ved kaikanten også i dei største byane våre. Du kan fiske hai og havål ved Bontelabo i Bergen, du kan få kveite frå piren i Trondheim, du kan få stripete pelamide rett utanfor Aker Brygge i Oslo.

Det havet som var arbeidsplass for fiskarbonden, er no ein leikeplass og eit pusterom. Vi søkjer oss til sjøen for å finne fred, kjenne oss fri eller sjå kor små vi er, for å kjenne at vi er levande og dødelege. Havet er framleis ein pirrande farleg frisone: Går du deg fast i fjellet, kan du hentast ned med helikopter. Går du til botns i sjøen, må du hentast opp med dregg. Men ulikt fiskarbonden har vi flytevest, kartplottar, mobiltelefon og motorkraft. Farane er avgrensa og fridomen desto større.

Men dette vil ikkje vare. Det same industrisamfunnet som gav oss feriar, havkajakkar av polyetylen, fjørlette fiskestenger av karbon og funkishytter der vi kan nyte synet av solnedgangane i havet gjennom vegger av isolerglas, trugar no livet også i sjøen. Inntil nyleg gav saltvatnet eit vern mot destruksjonen vår. Landjorda har vi omforma med eld og jarn i mange tusen år: Alt i steinalderen utraderte menneska mange av dei store pattedyra, og skogane vart avsvidde, snaughogde og nedbeita. Også somme sjøpattedyr og sjøfuglar er borte for alltid - ingenting som pustar i luft, er trygt for menneska. Men førebels har vi truleg ikkje klart å utrydde ein einaste saltvassfisk.

No tuklar vi også med sjøen. Mikroplast rek i alle hav frå Arktis til Antarktis. Ureininga frå menneska gjer hava varmare, mørkare og surare. Dei marine økosystema blir skipla og drivne mot nord, og nye artar rykkar inn der dei gamle forsvinn. Torsken blir borte i Skagerrak og Nordsjøen, og kanskje blir vatnet kring Lofoten ein dag for varmt for skreien.

Sjølve havet er det ingen fare med. Havet bryr seg ikkje. Men vi har terga beistet, og det er vårt problem. Det globale havnivået stig med fire milimeter i året, og takten aukar. Vi er heldige her nord: Mykje av Noreg hevar seg raskare enn dette i den rolege rekylen etter istida som trykte landet ned. Landhevinga kjøper oss tid, men den ytre kysten stig mindre enn innlandet gjer, og mykje av Vestlandet og Nord-Noreg går alt i minus. Dagens hundreårsflo kan bli årleg i Bergen, Stavanger og Bodø om nokre tiår. Og klimagassutsleppa som alt har skjedd, sikrar at havnivået skal stige i fleire hundre år.

Kanskje havet var guden som førte menneska hit og pusta liv i dei. Men om havet er ein gud, er det ein gud av det humørsjuke og upålitelege slaget: I blant er det mildt og smilande, i blant er det iskaldt og avvisande. I blant er det overdådig generøst, i blant reiser det seg i raseri og knuser og drep. Havet er alltid parat til å fortelje oss menneske kor små vi er, trass i all vår skapingskraft. I den lange, ordlause soga som sjøen skriv, er vi berre bifigurar i eit kort kapittel. Og etter oss? Det står eit forslag i Voluspå:

Ser ho upp koma
andre gongen
jord or havet
atter grønklædd.

Noko større enn deg sjølv

Noko større enn deg sjølv

Eit fotografi i band tre av Norges dyreliv brende seg inn i minnet mitt da eg var gut. Det stod i det bandet eg nesten las sund, det med fiskane: eit heilsides svartkvittbilete av ein mager fiskar i oljehyre og sydvest, han kikar andektig og audmjukt bort på ei kolossal kveite som er hengd opp i ein jernkrok og får den vaksne mannen til å sjå ut som ein dverg.