Litt om forfattaren

Eg er fødd i 1968, og voks opp ved sjøen, nærare bestemt i Todalen i Aure på Nordmøre. Den første fisken min var ein bekkaure teken på handsnøre i Våttåbekken rett bak huset vårt.

Utdanninga mi er frå Universitetet i Bergen og University of California, Berkeley, i fag som ikkje var til særleg hjelp i arbeidet med Havlandet.

Sidan 1997 har eg arbeidd som journalist i Dag og Tid, ei avis som har gjeve meg mykje fridom til å forfølgje interessene mine til havs dei siste fem åra.

Den første sakprosaboka mi var Fanden på flat mark. Historier frå Kviterussland, som kom ut på Samlaget i 2009. Boka fekk gode kritikkar og få lesarar.

Sportsfiskerekorden min på lysing er 11 kilo.